Alaska husky vurderes (midlertidig) omplassert
Pris: -Alaska husky vurderes (midlertidig) omplassert
Alaska husky vurderes midlertidig omplassert til riktig heim. Me ynskjer i fyrste omgang å prøve å omplassere ho i eit års tid - og eventuelt ta ein ny vurdering då på kva som er det beste for vår kjære Sarah. Omplasseringen er grunnet endringar i vår livssituasjonen, samt at tida ikkje strekker til for å gi Sarah den aktiviseringen ho treng. Sarah er født 12.09.19 i Valdres hos privat oppdretter med navn Sarah Lewis. Ho er ei snill og sosial jente med mykje energi. Av den grunn er det ønskelig at ho kjem til ein aktiv og omsorgsfull heim. Du/dekan må ynskje - samt ha kapasitet til, å bruke tid på ho. Ein heim i meir landlige omgivelsar passer nok Sarah aller best. Det beste Sarah veit er å vera på tur, så det er viktig at du/dekan trives godt i naturen. Samtidig finn ho veldig fort roen inne, og har ikkje noko problem med rolige dagar og. Sarah har eit veldig høgt jaktinstinkt, så det beste er om ho forblir i band i skog og mark - men ein kan også sleppe ho laus plasser der andre dyr ikkje er til stede, uten at ho stikker av. Passering av andre hunder på tur pleier som regel å gå fint, men ho kan reagere på ukjente tisper. Kan muligens bu i ein heim med ein annen hund, dersom dei er en god match. Er også vandt til å vera i ein heim med fleire katter, men Sarah kan bli sjalu dersom andre får meir oppmerksomhet. Ho elskar nemlig å få kos, og kan aldri få nok av det. Sarah bør dermed ikkje bu i ein heim saman med små barn. Mulig dette lar seg gjøre med mykje tilvenning og tålmodighet. Sarah er lærelysten og responderer godt på godbiter. Leik og morro er ho alltid med på, både med mennesker og andre hunder. På tur er Sarah veldig glad i å trekke/dra. Ho pleier å gå fint i band med visse personer som har brukt ekstra tid på det, så dersom ein smører seg med litt tålmodighet kan dette læres. Godt vandt til å stå i hundegård, men har alltid sovet inne om nettene. Det å vera åleine heime er ikkje noko problem, så lenge ho får litt tid til å bli kjent med omgivelsane fyrst. Ho liker godt bilkjøring, spesielt om ho kan få lov å ha hovudet ut av vinduet. Ho er ikkje vandt til å være i bur. Sarah er jevnlig på helsesjekker og har fått alle nødvendige vaksiner. Ho er frisk som ein fisk. Vårt drømmesenario er om Sarah blir omplassert innan Vestlandet, slik at me eventuelt kan komme på besøk eller låne Sarah i blant, dersom det er muligheter for det. Me ynskjer å bli kjent med deg/dekan før ein eventuell overtakelse, då det er veldig viktig for oss at ho kjem til ein heim som vil ta godt vare på ho. Ta gjerne kontakt og fortell meir om deg/dere selv.😊
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK