Australsk cobberdog omplassering
Pris: 35000.00 NOKAustralsk cobberdog omplassering
Jeppe, australsk cobberdog, medium storleik, 6 mnd (bursdag 27.10). Søt, god, glad i kos og med masse energi. Me vurderer å sjå etter ein ny heim for vår gode kvalp. Han fortener å bu hos nokon som har tid til å leike og trene mykje meir enn det me dessverre får tid til. Jeppe har budd hos oss i snart 5 mnd. Han er vane med barn på 4 og 6 år, men kan vere noko meir voldsom med 4-åringen, sidan 4-åringen er voldsom med han 😵 💫 Han har gått på kvalpekurs. Han har lært seg dei grunnleggande ***** som sitt, dekk, gi labb, bli og kom. Me har også øvd ein del på handtarget og innkalling. Han elskar å trene (og han elskar godbit). Han treng meir øving i å møte andre hunder. Han kan også vere litt skvetten i møte med bil, men dette øver me på 😋 Her me bur, kan han ligge i vinduet og sjå ut mot sykkelveg og tursti. Det kan vere litt travelt for han, og då bjeffer han ein del. Dette øver me også på. Når det kjem gjester blir han også veldig gira og kan hoppe opp på dei. Som du kan lese, så har han framleis ein del kvalpefakter. Jeppe likar å gå tur og få springe fritt på inngjerda område. Han er vane med å vere åleine heime ein normal arbeidsdag. Då ligg han under trappa og kviler. Han treng framleis mykje søvn. Han er stoverein, men enkelte arbeidsuhell kan framleis førekome. Me har alt av utstyr, og kan bli einige om ein ***** på hund/utstyr. Gje ein lyd om dette kan vere ein hund for deg. Eg svarar på seriøse meldingar.
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK