Dansk svensk gårdshund søker ny heim
Pris: 5000.00 NOKDansk svensk gårdshund søker ny heim
Me søker ein god og aktiv heim til Ull, vår fine DSG hannhund på 3,5 år. Han er ein snill og velfungerande kar som elskar å vere med på alt – anten det er heime i hagen, tur i skog og mark, arbeidsdag i fjøset, sporsøk eller sofakos. Ull trivst dessverre ikkje med den eldre hannhunden i huset, og omplasserast derfor til ein kjærleg og aktiv familie som er klar for å ta alt ansvar som det inneberer å ha hund. Han har vore med i fjøs sidan han var valp og har ein god porsjon jaktinstinkt. Han tek mus og rotter, men gje dei villig ifrå seg i bytte mot ein godbit. Han kan få litt “selektiv hørsel” når jaktinstinktet slår inn, men han held seg alltid i nærleiken. NKK-registrert, og fulgt opp med helsesjekkar og vaksiner. Han er etter friske og robuste foreldre, og oppdrettar er interessert i ei eventuell fôrvertavtale. Litt om han:• Mjuk i lynnet, tek korreksjonar fint både frå folk og andre hundar• Happy-go-lucky og menneskekjær• Nysgjerrig, glad i å jobbe, og roleg inne• Skikkelig sofagris når dagen er over• Vant med små barn – trekk seg unna om det blir for mykje• Roer seg fint i bur• Vant med å vere med på både kjente og ukjente plassar• Klarar seg fint heime ein arbeidsdag, men er også vant til å vere med på jobb og roer seg fint i bil/på kontor osv. Ting å vere obs på:• Kan bli litt ivrig ved helsing• Har ein svakheit for penner og blyantar• Likar å grave i hagen• Opportunist når det gjeld mat om det står framme• Kan dra i bånd, men går greitt når ein er bevisst på det• Innkalling fungerer best når jaktinstinktet ikkje er heilt på topp Han er lojal, arbeidsvillig og full av sjarm – ein ekte følgesven for den rette personen eller familien. Helst på Austlandet, gjerne Fredrikstad. Oppdrettar vil gjerne halde kontakten, og me stiller gjerne opp med pass viss det blir behov for det☺️ Ta kontakt om du vil vite meir eller møte han🐶
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK