Dask svensk gårdshund til salgs
Pris: 10000.00 NOKDask svensk gårdshund til salgs
Vår kjære Milo må dessverre få eit nytt, godt heim grunna samlivsbrudd.Om Milo: Milo er ein dansk-svensk gardshund på 2 år, med eit stort hjarte og ei herleg personlegheit. Han elskar å vere med på tur i skog og mark, men set like stor ***** på rolege stunder i sofaen – helst tett inntil deg.Han er godt vand med å vere i bur, og trivst veldig godt på bilturar. Milo går fint i band, men kan finne på å leggje ut på eigne små eventyr dersom han ikkje får nok mosjon. Med litt motivasjon – spesielt ein godbit – er han lydhøyr og samarbeidsvillig.Milo er ein familiekjær hund som knyter sterke band til menneska sine. Han bjeffar sjeldan, og då som regel i leik. Han kan vere litt skeptisk til menn i starten, men blir trygg når han får litt tid.Tillegg: Milo er reinrasa og registrert i Norsk Kennel Klub. Han har fått alle nødvendige vaksinar og er ikkje kastrert, noko som gjer han aktuell både for avl og utstilling. Han er av den større typen innan rasen. Vi ønskjer å finne eit trygt og kjærleg heim der Milo får den tida, aktiviteten og omsorga han fortener.Alt av utstyr følger med.
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK