Golden Retriever vurderes omplassert❤️
Pris: 15000.00 NOKGolden Retriever vurderes omplassert❤️
Dette er Sputnik, vår nydelege golden retriever hannhund💛 Sputnik var født i februar 2023, hos Golden Solution i Trondheim. Han er registrert i NKK på registreringsnummer NO35653/23. Sputnik bur no i Ørsta, Møre & Romsdal. Livssituasjonen i familien har endra seg mykje det siste året, og Sputnik får ikkje lenger så mykje kos, kjærleik, tur og trening som han har lyst på, eller treng. Derfor ser han no etter ein god, trygg og stabil heim som kan gi han den kjærleiken han fortenar. Dette er ufatteleg vondt og trist for familien, og vi har leita etter, og prøvd ut andre moglegheiter over lang tid.. No er det ikkje rett ovanfor Sputnik å la han vente lenger. Sputnik ser aller helst etter nokon med mykje oppmerksomheit og tid til han. Han er godt vandt med små barn, men no leitar han helst etter nokon som ikkje har, eller evt har store barn. Han elskar å vere ute og leike eller gå tur, men kan også slappe av i timesvis inne. Han elskar kos, og føretrekk aller helst å sitte oppå dei som kosar. Han er ein stor og sterk hund, som treng god plass inne og boltringsplass ute.💛 Sputnik treng trening i å vere roleg når folk kjem på besøk, då vert han veldig ivrig og litt voldsom. Han meinar ingenting vondt, og har heller aldri gjort nokon vondt, men treng å øve på å helse fint og roleg på dei som kjem. På tur kan han drage litt i bandet til å starte med, nokre gongar ikkje i det heile tatt, nokre gongar mykje, men vanlegvis roar det seg etter ei lita stund når han byrjar å verte litt sliten. Ellers er han veldig snill og grei. Det er fint med erfaring fra store hunderaser. 💛 Sputnik blir verande hos oss til vi finn nokon vi kjenner oss trygge på at kan gi han ein trygg og god heim, og eit godt liv. Vi håpar at seriøst interesserte vil ta kontakt og fortelje litt om seg sjølv.💛
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK