Goldendoodle søker et kjærlig hjem
Pris: 5000.00 NOKGoldendoodle søker et kjærlig hjem
Det er med tungt hjarte og tårer i auga at me ser oss om etter ein ny flokk for vår kjære Storm på 3,5 år. Han er verdas herligaste gut, men grunna endring i vår livs- og busituasjon klarer me diverre ikkje gi han det han treng lengre, og han er meir åleine enn me skulle ønskt. Litt om Storm: Mor var kongepuddel, far var goldendoodle. Han er chippa og frisk og rask. Heilt røytefri og allergivenleg. Mykje golden i åtferd. Veldig sosial, energisk og leiken. Glad som dagen er lang. Kirurgisk kastrert i april i år, kjemisk kastrert i to år i strekk før det. Kan vere rundt tisper i løpetid utan problem. Vaksinert for kennelhoste i april, i tillegg til flåttsprøyte med 1 års varigheit. Storm er ekspert på: Hente ball/frisbee og ikkje levere tilbake. Tigge ost. Sove kor som helst. Selektiv hørsel. Trekke i band på tur. Augekontakt medan han eller du er på do. Trøyste deg viss du har ein kjip dag. Vere ein kosebamse. Storm kan (når han vil): Sitt, ligg, gi labb, vent, versågod. Storm likar: Leik, drakamp, tur, fjelltur, joggetur, hundepark, frisbee, ost, crocs, symjing, soving, å vere der det skjer, snø, drikke og vasse i sølevatn, familie, ete pinner, grave, jage katt og fugl, og mykje meir. Han er god med barn og andre hundar (og kvalpar), men kan opplevast som litt intens for nokon hundar. Han likar at ting skjer og vil stort sett alltid leike. Storm likar ikkje: Støvsugaren og katter (trur me). Han har aldri verkeleg møtt ein katt, men han er nysgjerrig og likar å jage dei. Kan bli litt stressa av bilkøyring generelt, spesielt i tunnell, men det har alltid gått fint. Han har køyrt fleire langturar (8t+), med pausar sjølvsagt. Storm kan bjeffe viss: Han ikkje får ønskja respons på leik med andre hundar (dvs. han syns dei er kjedelege). Når ringeklokka går eller det bankar på døra. Når katter går utanfor vindauget. Når han kjeder seg åleine heime. Sistnemnde er ny åtferd etter at me flytta for eit par mnd sidan, men som jo er forståeleg ved flytting til ny heim. Han bjeffa ikkje då han var åleine heime på dagtid før det, så me trur absolutt han kjem seg tilbake til det etter kvart som han blir husvant. No kan han bjeffe/ule, men det er først etter fleire timar åleine (me har fulgt med på kamera frå jobb). Det vil nok gjerne trengast vidare trening og tilvenning igjen med åleinetid. Håpar nokon kan ha moglegheit til å gi Storm mykje kjærleik og la han bli ein del av flokken. Han er ein fantastisk gut utan eit vondt bein i kroppen, som fortenar det beste. Han vil garantert fylle kvardagen din med glede og latter, og litt frustrasjon. Send gjerne melding for ein vidare prat/spørsmål og fortel om deg/dykk. Me ønskjer at han går til nokon som veit kva det vil seie å ha hund og som har tid og kapasitet til å møte Storm sine behov. Det er ein bonus viss nokon har hund frå før, då han trivs godt med andre hundar, men det er sjølvklart ikkje eit krav. Set *****en til 5000,-, då han er nykastrert og vaksinert, men det kan sjølvsagt diskuterast. Med på *****t (viss ønskjeleg) er band, strikkband, sele, hoftebelte, hundeseng, div leikar, tøybur og matskål.
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK