Vorsteh treng fosterheim i 2 år - Lillehammer
Pris: -Vorsteh treng fosterheim i 2 år - Lillehammer
Trygve søker fosterheim - hjå rette vedkomande Trygve er ein vorsteh på 6 år. Vi ser etter nokon som kan vere «fostereigar» for han i 2 år.Trygve er ein usedvanleg ydmyk hund som har gått i lag med alle hundar og menneske han har treft i sitt korte liv. Han treng mykje aktivitet og trivst aller best på tur i skog og fjell. Heime er han roleg og avslappa. Han er gjerne med på både skitur og sykkeltur. Då er han ein utmerka trekkhund som lyder kommandoar. Han likar også å leike med andre hundar og er vant til å vere med på det som skjer. Han trivst med bilturar og er tilpasningsdyktig når han kjem i nye miljø.Han treng å vere i lag med nokon som er aktive og som likar selskap på tur.Vi kan vere hundepassarar når det trengst, og ha han heile sommarferien.Vi dekker kostnadene for mat og utstyr i løpet av dei to åra. Vi ser etter deg som:- Har oppriktig interesse for hund- Er avslappa og omsorgsfull- Har tid og rom for å aktivisere han og gje han den merksemda han treng- Bur i området rundt Lillehammer Om du er interessert i å bli kjent med Trygve, eller kjenner nokon som er interessert, ta gjerne kontakt 😊
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK