Whippet tispekvalp søkjer fôrvert
Pris: -Whippet tispekvalp søkjer fôrvert
Grey Garden søkjer fôrvert til tispekvalp (fødd 5. oktober 2024 i eit velskapt kull på 10), fortrinnsvis i Vestland, men rett familie vurderast uavhengig av kor dei bur. Kvalpane våre blir oppdregne med kjærleik, tolmod og med respekt for sin eigenart. Dei veks opp som ein naturleg del av ein hunde- og menneskefamilie, og vi legg ned eit omfattande arbeid i sosialiseringa av dei. For Grey Garden handlar hundeoppdrett først og fremst om gleda av å få vere med på å skape og utvikle nytt liv. Vår visjon, og aller viktigaste oppgåve, er å avle fram dei beste hundane vi overhovud kan, både fysisk og mentalt, og å kombinere desse utrulege individene med menneske som vil verdsetje dei heile livet gjennom. Oppdrettar tilbyr også livslang oppfølging etter individuelle ønskje og behov. Vi søker ein fôrvert for ein av tispekvalpane frå vårt siste kull. I praksis betyr det at ein får kvalpen vederlagsfritt, og skal behandle den som sin eigen, men at oppdrettar har forventningar om eit tett samarbeid, at kvalpen skal delta i eksteriørutstilling og at vi beheld retten til å ha kvalpar på hunden dersom helsetestar og utstillingsresultat gjer ho eigna til det i framtida. Det er ein klar fordel om de sjølve er interesserte i utstilling slik at kvalpen kan trenast på å vere komfortabel i ein slik setting. Direkte kostnadar knytt til utstilling, helsetesting og eventuell avl dekkast av oppdrettar. De som svarar på denne annonsen, veit at det er eit privilegium å bli eigd av ein whippet. Ta gjerne kontakt for detaljerte opplysningar og spørsmål.
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK