kattungar frå fosterheim
Pris: 2000.00 NOKkattungar frå fosterheim
Tre leikne kattungar søkjer ein for-alltid-heim.NB - Lukas har fått ein for-alltid-heim! :)Mor deira måtte greie seg sjølv i vinter då eigaren hennar døydde hausten 2025. Det blei ein tøff vinter for ho, men ho greidde likevel å fostra opp 3 fine ungar. Familien blei ikkje funne før ungane var blitt så store at dei røpte gøymeplassen med leiken sin. Kattungane er no i fosterheim i lag med mor si. Ungane vert adoptert bort etter Dyrebeskyttelsen sine reglar. Kattungane er alt chippa, har fått ormekur og sin første vaksinasjon. Dei er reinslege og er vane med hund.Gebyret på kr 2000 inkluderer også kastrering når dei er store nok - (dvs når dei er omlag 6 månadar gamle.) Gebyret dekkjer altså dei fleste utgiftene du får når du får ein ny katt i heimen!! Når du adopterer ein katt frå Dyrebeskyttelsen blir det plass til nye kattar som treng ein fosterheim.Ta kontakt om du vil koma og helsa på dei! Dei held til på Sandvoll - sør i Kvinnherad kommune.Du finn meir informasjon om adopsjon frå Dyrebeskyttelsen her: ****
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK